Om museet
Kvernsteinsparken vert drifta av Norsk Kvernsteinsenter, eit museum under Musea i Sogn og Fjordane. Norsk Kvernsteinsenter driv med formidling, fornying, forsking og forvalting av kvernsteinsbrota i Hyllestad og er knutepunkt for eit nettverk av kommunar i Noreg som har store kvernsteinsbrot frå gammal tid: Selbu, Saltdal, Brønnøy og Lalm/Vågå.
Hyllestadmodellen
Formidlinga i kvernsteinsparken er tufta på kvernsteinsbrota og steinhoggartradisjon i Norge generelt. Kvernsteinsenteret har i samarbeid med Hyllestad skule utvikla eit formidlingsopplegg kor 7. klasse etter haustferien kjem kvar mandag i skuleåret. Her lærer elevane om handverk i samband med dagliglivet i vikingtid og mellomalder. Dette handverket skal elevane så formidle til besøkjande skuleklassar på vårparten. Elevane vert også lært opp til å guide publikum gjennom kvernsteinsbrota i kvernsteinsparken. Dette samarbeidsprosjektet er heilt unikt i Norge, og ein tidlegare riksantikvar kalla dette «det beste formidlingsopplegget eg har sett». Formidlingsopplegget er i vår region kjent som “Hyllestadmodellen”. Tverrfagligheit og lære ved å gjere er nøkkelord for dette prosjektet. Ein slik opplæring i Hyllestad si historie bidreg også sterkt til å byggje på identitetskjensla for born i Hyllestad.
Handlingsbåren kunnskap
Kvernsteinsparken er sesongopen i skuleferien om sommaren, og då kan publikum male korn, bake brød, skyte pil og boge, og gjere anna handverk. Ein kan også nyte ein god kopp kaffe ved bålet og noko godt å ete. Besøk elles i året kan tingast, men ein kan når som helst gå den spennande steinhoggarløypa gjennom steinbrotlandskapet kor skilt på tre språk fortel om aktivitetane som utspant seg på dei ulike stadane i parken.
Klikk her for å gå til Kvernsteinparken si heimeside.