Nedre Jølster Bilelag AS består av fem tømrarar / møbelsnikkarar som dei siste tjuefem åra har arbeidd primært med restaurering av stavkyrkjer, nyare kyrkjer, lafta hus, sjøhus i grovt bindingsverk og grindbygg på nordvestlandet. Mange prosjekt har vore svært omfattande, med alt frå fundament og grunnmur, til ulike typar tekking av tak.
På Øyrane i Førde har dei produksjonshall for restaurering av gamle, og bygging av nye tradisjonsbygg. Dei har og snikkarverkstad, der dei reparerer og lagar nye bygningsdeler som til dømes dører, vindauge og liknande.
På oppdrag frå riksantikvaren, har dei reparert stavkyrkjer og andre freda bygg i fleire fylke og halde kurs i vestlandsk byggeskikk og restaurering. Dei har dei siste ti åra hatt samarbeid med Arkitekt og Design Høyskolen i Oslo (AHO), der dei har vore instruktørar på praktiske kurs i fullskalabygging med tradisjonskonstruksjonar.
Dei kan tilby ein mangfaldig kompetanse, tufta på lang og brei erfaring i prosjektering av, og arbeid med gammal byggeskikk.
Klikk her for å gå til Nedre Jølster Bilelag si heimeside.