Mellomalder
Losnaspelet tek deg tilbake til mellomalderen, til ein stor dag sommaren 1398. Då har det samlast mykje folk på Losna, både frå øya og bygdene omkring. Dei er komne for å møte den langveisfarande gjesten, herren deira, sjølvaste herr Eindride Erlendsson av Losna, og fylgjet hans.
Utespel
Sogespelet Herr Eindride til Losna, skrive av Rolf Losnegård, hadde framsyning fyrste gong i 1998 på øya Losna i Solund kommune. På spelet får du servert nasjonal og nordisk historie, ispedd forboden kjærleik, intrigar, misunning og maktkamp. Tema som klassedeling, sentralisering, fråflytting, krangling og herskesykje, spelar på gjenkjenning. Med den staselege Bakkejekta duvande på sjøen, adelsfolk til hest og fengande skotsk sekkepipemusikk, blir dette ei heilt spesiell teateroppleving. Når det blir blanda med den spektakulære naturen, blir det nesten magisk.
Losnaætta
Eindride Erlendsson var av den mektige Losnaætta. Han var riddar og riksråd, fehirde og styresmann på Akershus og Tunsberghus. Han sette stempelet sitt på unionskontrakten i Kalmar i 1397, og fekk riddarslaget av dronning Margrete som takk for solid støtte. På øya fins det enno fleire minnesmerke som peikar attende på stordomstida og mange stadnamn er også med på å underbyggje denne historia.
Nyare historie og kulturvandring
På Losnaspelet kan du også vere med tilbake til nyare historie, til den tida det var telegrafstasjon, skule, butikk, post, dampskipsekpedisjon, båtbyggeri og seterdrift på øya. Du kan kjøpe kunst i fjøsgalleriet, oppleve friluftsgudsteneste på Kirkjeneset med nesten 360 graders panoramautsikt og du kan vandre i fantastiske Kvernberget med tydelege spor etter kvernsteinhogging. For mange er også tursti-nettet på Losna ei fin oppleving.
Velkomen til Losna og Losnaspelet!
Med Sognefjorden og mektige Lihesten som bakteppe, kan du nyte livet med god mat og drikke og kome tett innpå lokal og nasjonal historie. Velkomen til kulturdagar på Losna!
Neste Losnaspel blir 9. og 10. juli 2022.
Klikk her for å gå til heimesida.