Jakob Sande – senter for forteljekunst

Jakob Sande-selskapet vart stifta i 1991 på diktaren sin fødselsdag, 1. desember i Dale. Bak stiftinga stod Jakob Sande – vener frå heile Noreg.

Føremålet med selskapet var å styrke interessa for Jakob Sande sitt forfattarskap og anna kunstnarleg verksemd ved å:

  • Sjå til at Jakob Sande sine bøker og anna litterær verksemd vert gjort tilgjengeleg for ålmenta
  • Arbeide med utgjeving av publikasjonar om kunstnaren og hans produksjon
  • Arrangere årlege Jakob Sande-arrangement i Fjaler

Selskapet har i åra det har eksistert, fått utretta svært mykje, med god hjelp frå ei rekkje dugnadsfolk, Fjaler kommune og andre. Tiltak som kan nemnast: årlege Kobbeskjerkveldar og litteraturseminar, utgjeving av årbøker annakvart år (fram til 2015), utgjeving av kassett/cd ”Jakob Sande les Jakob Sande”, konsertarrangør i Dale og Oslo, oppsetting av friluftsteateret ”Jubelhornet” (1992), dramatisert av Rolf Losnegård til musikk av Kåre Sandvik, og selskapet har vore pådrivar bak reisinga av statua ”Vesle Daniel” i parken i Dale (2002).

I 2019 tok selskapet eit nytt løft for å utvikle eit senter for forteljekunst på Vestlandet. Som følge av støtte frå fylke, kommune og stat kunne vi 15. august 2020 opne Jakob Sande – senter for forteljekunst (Forteljesenteret).

Liv Hege Skagestad, som også var hyra inn til forprosjektet selskapet hadde i 2018–2019,  var frå 1. april 2020 engasjert til å leie arbeidet med oppbygginga av Forteljesenteret saman med styret i selskapet, tunvert Margrete Reisæter, tunvert og formidlar Rakel Cecilie Wilhelmsen Solheim (dagleg leiar frå hausten 2022), og ei rekke sterke miljø og samarbeidspartar.

Sande-senteret har i 2022 jobba særleg med seks område:

  • Vidareføring av fritidstilbodet til barn og unge.
  • Vidareføre residensordninga og gjennomføre arrangement og produksjonar som bygger kunnskap og gir oppleving innom forteljekunst.
  • Etablert ein pilot for eit varig forteljekunstakademi på Steia gard.
  • Starta arbeid med å få opp eit eige tidsskrift i forteljekunst.
  • Vidareutvikla samarbeid med andre organisasjonar som arbeidar med forteljekunst, mellom anna for reiselivet.
  • Vidareutvikla aktiviteten i Gamle skulehuset, som resepsjon, krambu, nisjebokhandel i Gamle skulehuset og utvikle nye produkt.

Heimen til senteret er Klokkargarden, men senteret vil ha både nasjonalt og internasjonalt verkeområde. Jakob Sande – senter for forteljekunst skal bygge opp eit nasjonalt fagmiljø innom forteljekunst og eit tilbod som gjer at folk frå alle miljø og ulik alder kan få utvikle si evne til forteljing både munnleg og skriftleg. I 2023 skal vi jobbe etter temaet uforløyst kunstnarskap. Forteljekunsten står sentralt i alt arbeidet i senteret gjer, der vi skal ta for oss temaet både munnleg, skriftleg, visuelt og praktisk. Vi jobbar for eit varig forteljekunstakademi og har eit håp og mål om eit eige tidsskrift i tunet.

Klikk her for å besøke heimesida.

Kontaktinformasjon

Scroll to Top