Hardbakke Villsaulag

Hardbakke Villsaulag SA såg dagens lys i mars 2020 etter god fødselshjelp av Norsk Kystkulturakademi (NKKA) og Fjordkysten Regional og Geopark (FROG).

Målet for laget er å drive moderne landskaps- og villlsaudrift med fokus på berekraftig og lokal samfunns- og næringsutvikling. HVSL er bygdeutvikling og innovasjon med fokus på formidling av handboren kunnskap, ein møteplass mellom barn, unge, eldre, og eit møte mellom dyr og mennesker der oppgåver knytt til landskapsskjøtsel og villsaudrift vert ein del av årshjulet.

Per 31/12 hadde HVSL 15 sauer på beite og 99 partseigarar som eig 121 partar totalt. Drift, og delvis innsamling, skjer ved hjelp av det elektroniske gjerdesystemet “Nofence”.

NKKA leverer daglege og faglege røktartenester til laget. Denne satsinga var sterkt medverkande til at FROG vart nominert til Europarådets landskapspris 2020/2021 og 2. prisen for “KLP’s fremtidspris for kommunene 2021”.

For å følgje med på det som skjer i villsaulaget må ein vere partseigar. Ved kjøp av ein part får eigaren vere med i ei lukka FB-side. Alle som ønskjer kan kjøpe ein part.

Kontakt oss på post@hardbakke-villsaulag.no eller tlf. 908 31 711 dersom du ønskjer å bli partseigar/medlem.

For kjøp av partar – VIPPS til # 607158.

Det er ei side som ikkje-medlemmer kan følge, https://www.facebook.com/search/top?q=hardbakke%20villsaulag, men denne blir sjelden oppdatert.

Slik ser et partseierbevis ut som også kan brukes som logo:

 

Kontaktinformasjon

Scroll to Top