Parkmøtet er Fjordkysten sitt øvste mynde og er eit ope møte for alle som ynskjer å delta, – ta gjerne med ein ven. (Berre dei som er medlemmer har stemmerett.)
Kvart år inviterer vi ein partnar til å presentere seg, og denne gongen kjem Torkil Sandsund frå Teaterfestivalen i Fjaler for å fortelje litt om alt det spanande som dei held på med.
Innleiande diskusjon: medlemsstruktur og kontingent
Før handsaming av dei formelle sakene ønskjer styret ein open diskusjon om
medlemsstruktur og kontingent i parken.I 2025 tilrådde styret at det skulle utgreiast ein modell for differensiert medlemskap
og medlemskontingent når status som UNESCO Global Geopark var oppnådd,
mellom anna for å styrkje parken sitt økonomiske grunnlag.
Styret ønskjer i denne samanhengen innspel og idear frå medlemmene, fordelar og
ulemper med skissert ordning,( eller evt. forslag til andre modeller) samt synspunkt
på prisnivå. Det er viktig at ei eventuell ny ordning opplevast som relevant og nyttig for medlemmene.
Det vert enkel servering .
Sjå kart her: https://www.gulesider.no/kart?c=61.360786,5.39716&z=17&l=hybrid&d=%7B%22m%22:%5B%5B61.360908,5.396511,%22%22,0,%22%23E53935%22%5D%5D%7D


