Parken på The International UNESCO Global Geopark Conference

I desember presenterte vi parken på den internasjonale UNESCO Global Geopark konferansen som i år vart holdt på Jeju Island i Sør-Korea.

Konferansen var dessverre digital i år, så sjølve presentasjonen gjekk frå Stongfjorden og ut. Men det var eit stort publikum frå heile verda og vi fekk svært gode tilbakemeldingar på dette interessante området som vi bur i. Presentasjonen vart holdt i ein sesjon for “aspiring” geoparkar og tittelen var “Living Landscape in the Ruins of the Caledonides in the Fjord Coast Regional- and Geopark”.

Alden med Snø. Foto: Anders Braanaas.
Alden med Snø. Foto: Anders Braanaas.

Kort fortalt var bodskapen at eldgammal geologi har bestemt korleis landskapet har utvikla seg, dette landskapet har sett nokre kriterier for korleis det er å leve her, som igjen har påverka korleis vår kultur, historie og identitet ser ut.

Første del av presentasjonen omhandla den særs unike geologien vi har i parken. For om lag 400 millionar år sidan stod det ei enorm fjellkjede her, Den kaledonske fjellkjede. Denne fjellkjeda landskapet vårt og var like stor som dagens Himalaya, både i utstrekking og høgdemeter. Parken inneheld fantastiske lokalitetar som geologar frå heile verda har studert sidan 1800-talet, og dette har bidrege til framgang i internasjonal geologisk forståing av ein fjellkjede sin åtferd. Det er sagt at dette kanskje er verdas beste stad på jord å studere “ein fjellkjede sin vekst og fall” på. Kvamshesten- og Solund devonbasseng, Brurastakken på Atløy, kvernsteinsbergarten i Hyllestad og eklogittførekomstar er dømer på nøkkellokalitetar i parken for denne studien.

Brurastakken. Foto: Per Storemyr

I andre del av presentasjonen bevega vi oss inn på korleis steinalderfolk tok til å rydde skog frå den norske kysten med økser, brenning og beitande dyr og danna så dette ope landskapet vårt som heiter kystlyngheia. Kystlyngheia breidde seg heilt ifrå kysten av Portugal og til Nord-Noreg og er det eldste kulturlandskapet vårt. Dette landskapet er dominert av dvergbusker og er eit type habitet som kun eksisterar langs kysten på grunn av det milde klimaet.

Brenning av Kystlyngheia
Foto: Anders Braanaas

Desse gamle landbrukstradisjonane som vart vidareformidla frå generasjon til generasjon hadde nesten døydd heilt ut. Men dei siste åra har eit lokalt initiativ i Solund hatt tatt tak i å bevare dette trua kulturlandskapet ved å skjøtte landskapet på same vis som steinalderfolket gjorde. Dei stifta Hardbakke Villsaulag som er eit prosjekt der lokalbefolkinga er medeigarar i ein saueflokk av utegangarar og årleg er det brenne-dugnad på vinteren. Dei nyttar gammalnorsk villsau som er ein tradisjonell rase med same genetikk som sauen vikingane hadde. Ved å drive fram kystlyngheia igjen, ivaretek dei også artsmangfaldet. Ved å brenne ned gammal vegetasjon gjev ein meir lys og varme for småbuskene og dette vil igjen påverke biodiversiteten til insekter og fuglar.

Kvinne bytter batteri i Nofence-klave på en villsau
Villsauene i Solund bruker Nofence-klaver. Foto: Stig Steinsund
Scroll to Top