Opning av Indrefjord gard i Hyllestad

Indrefjord gard i Hyllestad er ein av våre flotte partnarar , og i dag hadde dei offisiell opning av den nye fjøsen og stallen , og inviterte til open dag for store og små. Fjordkystparken og Prestegarden kulturhus var tilstades og feira dagen saman med vertskapet og mange besøkande.
img 3567

Det vart ein strålande dag med mange høgdepunkt då Indrefjord gard inviterte til open gard for både lokalsamfunn og langveisfarende  den 31.3.26.

Levande landskap

Indrefjord gard viser korleis ein kan kombinere landbruk, formidling, rekruttering og lokal verdiskaping på ein inspirerande måte.

For Fjordkystparken er det svært verdifullt å ha slike partnarar ,som både tek vare på tradisjonar og samstundes utviklar nye tilbod for framtida.

Indrefjord gard er ikkje berre ein gard i aktiv drift, men og ein møteplass og viktig drivkraft i Fjordkystparken si satsing  Ung i park Hyllestad , der unge får lære om forvaltning av si eige natur og kultur gjennom praktisk arbeid.

Den offisielle opninga samla eit breitt spekter av gjester og samarbeidspartnarar. Mellom dei som tok ordet var
Anette Stegegjerdet Nordberg, statssekretær i Landbruks- og matdepartementet,  fylkesordførar Jon Askeland og ordførar Kjell Eide.

I tillegg var det god representasjon frå sentrale aktørar som Innovasjon Norge, Bondelaget, Nortura, Tine og fleire andre, noko som viser kor viktig satsinga på Indrefjord gard er, både lokalt og nasjonalt.

Arrangementet samla mykje folk, og det var aktivitetar for både store og små. Her kunne ein oppleve ridning, god mat, møte med dyr og ekte gardsliv, i tillegg til gode samtalar og fagleg påfyll.

Prestegarden kulturhus bidrog til stemninga med open kafé gjennom dagen.

Vi takkar for ein flott dag ,og ser fram til vidare samarbeid!img 3557 img 3551 img 3548 img 3555