Skiltprosjektet i Fjordkysten Regional- og Geopark er godt i gang. Prosjektet er eit samarbeid mellom geoparken og kommunane i området, med eit felles mål om å gjere regionen vår meir synleg og tilgjengeleg, både for tilreisande og for dei som bur her. Prosjektet har fått økonomisk støtte frå Miljødirektoratet, noko vi er svært takksame for, og som har gjort det mogleg å setje i gang arbeidet med å utvikle og etablere nye informasjonspunkt og skilt i regionen.
Gjennom tydelegare informasjon og betre merking ønskjer vi å løfte fram dei unike natur- og kulturverdiane som finst i parken. Mange passerer gjennom området utan å vere klar over alt som finst her, eller kva opplevingar som ventar like i nærleiken. Eit viktig mål med prosjektet er difor å gjere fleire merksame på moglegheitene som finst i området.
Ein sentral del av satsinga er å setje opp brune opplysningsskilt langs E39 som viser vegen inn til geoparken og til opplevingane som finst her. På den måten håpar vi å inspirere fleire til å ta ein liten avstikkar og oppdage landskapet, historia og attraksjonane i parken.
I tillegg er det planlagt informasjonspunkt om parken på Førde lufthamn, Bringeland, og på ferjesambandet Lavik–Oppedal. Dette er stader der mange reisande passerer dagleg, og som difor gir ei god moglegheit til å gjere både turistar og andre besøkande betre kjende med Fjordkysten Regional- og Geopark.