Nærøyfjorden Verdsarvpark på Studietur i Fjordkystparken

Frå 3.–5. mars fekk vi besøk av Nærøyfjorden Verdsarvpark som ynskte å lære om episentra våre og arbeidet med born og unge. I løpet av tre dagar fekk dei møte mange  lokale partnarar og sjå mykje av regionen vår!
img 3388
img 3380
Episenter Hyllestad, besøk av Nærøyfjorden verdsarvpark 3.-5. 3.26

Frå tysdag 3. mars til torsdag 5. mars fekk vi besøk av heile staben frå Nærøyfjorden Verdsarvpark. Dei ønskte mellom anna å lære meir om episentermodellen vår, då dei sjølve arbeider med å etablere verdsarvhus, og ønskjer inspirasjon til korleis desse kan utviklast og drivast. I tillegg var dei interesserte i å høyre meir om Fjordkystparken si satsing på Ung i park-programmet.

Gjennom tre dagar fekk dei høyre om lokale initiativ og møte partnarar som er viktige i arbeidet til Fjordkystparken.

Turen starta med lunsj  i Prestegarden Kulturhus i Hyllestad, før deltakarane fekk ei omvising i Kvernsteinsparken. Prestegarden og Kvernsteinsparken utgjer til saman episenteret i denne kommunen. Deretter gjekk turen vidare til Indrefjord gard, der vi m.a. fekk høyre om kvifor dei har teke initiativ til ei  Ung i park-satsing i Hyllestad.

Onsdag morgon møtte vi Ove Losnegård på Lillingstonheimen, der han er i ferd med å vøle dei gamle glasa i den staselege bygningen frå byrjinga av 1800-talet. Vi fekk litt innsikt i historia og restaureringsarbeidet før vi fortsatte til Jensbua Kystkultursenter, som ligg eit steinkast unna. Ove Losnegård fortalde om utviklinga av kystkultursenteret, om all dugnaden som har vore utført av trufaste frivillige kvar måndag gjennom mange år, og om arbeidet med bygningsvern og tradisjonshandverk.

Derfrå drog vi til Tone Undertun på Leonards Forlaavelse, som serverte eit måltid vi seint kjem til å gløyme. Samtidig fekk vi og høyre litt om andre satsingar og samarbeid ho har innan lokalmat og reiseliv i regionen. Vi rakk også å svinge nedom Nilsbua og fekk ei oppdatering på det imponerande arbeidet som er lagt ned for å redde den særeigne sjøbua som rommar både landhandel og bustad.

Deretter bar det til Dale og Jakob Sande Senter for forteljekunst, der Rakel Solheim stod klar til å fortelje oss om alt det spanande som føregår der. I løa på tunet venta Espen Bråstein, Fjordkystparken sin geolog, og han hadde ein presentasjon der han forklarte korleis geologien i regionen vår har blitt til. Det var ekstra kjekt for den unge geologen som jobbar i Verdsarvparken!  Vi fekk òg servert nokre vakre dikt frå ein diktar som for tida er  på residens ved Jakob Sande Senteret, før vi heiv oss på hjul igjen for å rekke ferja til Solund. Om kvelden hadde vi invitert lokale eldsjeler til middag, og dei delte erfaringar  frå arbeidet med Hardbakke villsaulag, Kames gårdsdrift og Norsk Kystkulturakademi. To av dei mest røynde ungdommane frå Ung i park kom òg for å fortelje om korleis dei kom med i programmet, og korleis det er organisert.

Neste morgon hadde vi ein runde i Hardbakke der vi fekk lære om villsaulaget, og besøkte episenteret i Taklebua og Gjenbruket.

Fjordkystparken og Nærøyfjorden Verdsarvpark har allereie fleire samarbeidsområde, mellom anna innan bygningsvern. Det er difor ekstra kjekt å kunne møtast på denne måten, dele erfaringar og inspirere kvarandre. Samstundes er det verdifullt for oss å få besøk utanfrå, det å bli sett med nye auge gir ofte nye perspektiv på arbeidet vi gjer.

Vi takkar for besøket og ser fram til vidare samarbeid!

img 3426

img 3422
Leonards forlaavelse