Utvær er Noregs vestlegaste øy og ligg i Solund kommune. Mellom anna finn ein Utvær fyr på øya, som har vore i drift sidan 1900. Per 2026 er det ingen fastbuande, men øya har eit yrande liv med mange feriegjestar om sommaren. Då er det også vertskap på fyret som tilbyr guiding både i fyret og på øya, og som sel vaflar, kaffi og souvenirar.
Størst folketal var kring 1900, med om lag 70–80 menneske. Gode sildeår trekte til seg tilreisande fiskarar med notbruk. I tillegg var det gode fangstar av flyndre, hyse, sei og hummar, noko som gav jamne og rimeleg gode inntekter.
Ein mystisk kulturell monument
Denne lokaliteten består av ein stein med 7 groper med v-forma tverrsnitt. Ein laus stein ligg nært og måler 40×30 cm. Denne steinen har 5 groper. Funksjonen til dette kulturminnet er enno ukjent. Det har vore spekulert i at dei kan vere spor etter at vikingane slipa sverda før dei drog på tokt, men dette blir rekna som lite truleg.


