Stroka

Vil du oppleve ein verkeleg magisk solnedgang, er solnedgangbenken ved Stroka, nær Avløyp, ein perfekt stad å ta turen til. Frå hovudvegen følgjer du ein merka sti i om lag 15 minutt før du kjem fram til utsiktspunktet.

Her kan du setje deg ned og nyte roen medan sola går ned i havet. Frå benken har du vid panoramautsikt mot Alden, Lågøyfjorden og øyane ute ved Gåsvær, eit flott skode når kveldsljoset fargar hav og himmel.