Dette er ein spektakulær topptur til Storehesten, som ragar 1209 meter over havet. Turen startar i låglandet og går gjennom ein sterkt deformert bergart kalla mylonitt. Denne bergarten vart danna i ei fleire kilometer brei skjersone, Nordfjord–Sogn-lausrivingssona, som strekkjer seg opp mot Dalsfjord-forkastinga. Forkastinga markerer grensa mot konglomeratet.
I overgangen mellom mylonitt og konglomeratet finn ein imponerande breksjer og jordskjelvbergartar, såkalla pseudotakylitt, eit svart glas som vart danna ved kraftig friksjon under jordskjelv. Desse kan observerast langs forkastingsflata, som er eksponert ved foten av klippa under dei devonske bergartane.
Ved hytta finn ein store konglomeratsediment som vitnar om dramatiske geologiske prosessar i området. På toppen ventar ei fantastisk utsikt som gjer turen vel verdt innsatsen.


