Kystlyngheia er det eldste kulturlandskapet i Vest-Europa. Kystlyngeheia er eit resultat av ei rydding som steinalderbøndene tok til for om lag 5000 år sidan. Gradvis rydda dei vekk urskogen ved å nytte ild, øks og beitande husdyr. I vikingtida var heile kysten i Vest-Europa omdanna til eit ope landskap.
Kystlyngheia ligg på raudlista over kritisk truga naturtype. Denne naturtypen skal ikkje vernast, men må brukast, det vil seie brennast og beitast.
I Sørværet i Værlandet bur Hilde og Anders og driv Sørværet Villsau. Sauene deira hentar alt dei treng i kystlyngheia der dei lever fritt og naturleg. Dei beitar ute heile året og tek slik vare på om lag 6000 dekar kystlynghei, blant anna Sørværet naturreservat. Drifta er økologisk og debiosertifisert.
På vinterstid brenn dei gammalt gras, lyng, einer og kratt. Dette for å forbetre beita og ivareta det opne landskapet. Stell av kystlyngheia er brannførebyggjande, slik bruk forhindrar aggressiv utmarksbrann i tørrare periodar.
Når den raudlista kystlyngheia vert skjøtta med vinterbeiting og brenning, vert lyngheia attraktiv for fleire andre artar som heipiplerke, bergirisk og storspove. Stundom kjem orrfuglen også.
Sauerasen gamalnorsk sau, er vår eldste sauerase og er optimalt tilpassa dette livet langs kysten. Han er godt kledd med tett og varm ull inst og med grovare ull til regnfrakk yst. Denne «gammaldagse» sauen er skapt for å klare seg gjennom vinteren i lyngheia. Han har ei fantastisk emne til å lagre store mengder feitt til nistepakke. Det atlantiske klimaet gjer at gras og halvgras har lang sesong og lyngen heldt same verdi som fôr heile året. Slik finn sauene det dei treng gjennom heile året.
Kjøtet ber preg av livet i lyngheia og er svært finfibra og mørt. Desse dyra har ikkje vore avla for å gje maksimal produksjon og store slakt, men for å vere optimalt tilpassa livet i det fri. Difor er slakta små og smakefulle. Morsauene veg kring 35 kg og lamma slaktar 9-11 kg.
Hilde og Anders prøver å utnytte alle ressursar, dei sel både kjøt, spekemat, ull og garn.
Besøk heimesida deira: http://villsauliv.no