Kurs i guiding

Bli med på Europas fyrste Geo-interpretasjonskurs! Jobbar du innan  reiseliv, eller har ein vertskapsrolle?  Har du lyst å bli ein god formidlar og å lære dei beste guide-triksa? Bli med til Kvernsteinsparken i Hyllestad på kurs i Geo-interpretasjon !

Ein gong stod verdas høgste fjellkjede akkurat her..

 

Norske parker og Fjordkysten regional- og geopark tilbyr no det fyrste kurset i Geo-interpretasjon i Europa nokosinne!

Kurset er laga over same lest som Module of interpretive Hosting (MIH)- kursa, der deltakarane lærer det grunnleggjande om metoden interpretasjon.

Dette kurset har geologi som tema og du får lære korleis du kan formidle særeigne landskap på ein lettfatteleg og inspirerande måte.

 Kva er interpretasjon?

  • Ein velkjent metode for kultur- og naturvegleiing som blir forvalta av Interpret Europe. Dei tilbyr fleire typar sertifiserte kurs. (sjå https://interpret-europe.net)
  • Å leggje til rette for deltaking og bruk av sansane.
  • Å skape engasjement ved å relatere opplevingane til gjesten si eigen kunnskap, erfaring og verdiar.
  • Å fokusere på autentiske opplevingar der den besøkande vert engasjert
  • Å møte besøkande på ein måte som legg til rette for inspirasjon, undring og

På kurset får du:

  • være både ute og inne og gjere kreative og praktiske øvingar som byggjer ferdigheiter i formidling.
  • gode døme på korleis god formidling kombinerast med reiselivsprodukt.
  • jobbe saman i grupper og aleine for å utvikle rollen som vertskap.
  • hjelp til å leggje til rette for gode førstehandsopplevingar og lage tema som fungerer overfor ulike typar gjester.
  • Jobbe med ein plan knytt til eigne opplevingsprodukt.
  • lære historieforteljing som skaper meirverdi for opplevingar og produkt
  • møte andre og skape nettverk.

Du lærer:

  • Å skape interesse hos gjestene.
  • Bli bevisst særpreg og fortrinn i eigen region.
  • Korleis du kan relatere gjestene si oppleving til deira eigen kunnskap, erfaring og verdiar.
  • Utvikle og tilpasse din kommunikasjon mot ulike må

Praktisk info:

Torsdag 27.- fredag 28. April

Stad: Kvernsteinsparken i Hyllestad                  

Kurset varer i to dagar/16 t. Frå kl. 10-18

For påmelding og info bruk QR kode eller send til post@fjordkystparken.no  med kopi til post@norskeparker.no  

  • For bedrifter, organisasjonar og privatpersonar
  • 8 /maks 18 deltakarar per kurs.
  • Sertifisert kurshaldar Kristian Bjørnstad frå Norske Parker/Interpret Norway.
  • Gjev medlemskap i Interpret Norway
  • Pris: for medlem i Fjordkystparken 4250 / ikkje medlem  5000

Fjordkystparken ynskjer å satse på lokal ungdom som guidar og sponsar unge som melder seg på!(Aldersgrense 15 år) Lokal ungdom under 18 år får kurset til 3000 kr medlem/3800 kr ikkje medlem

  • Varm lunsj begge dagar
  • Påmeldingsfrist 25. mars.
  • Informasjonsbrev om kurset til deltagerne i forkant av kurset.
  • Gjennomføring av online informasjonsmøte i forkant av kurset

Nettverk:

  • Dei som har gjennomført kurset kan bli ein del av guidenettverket i Fjordkystparken og Visit FjordKysten og Sunnfjord
  • Dei som har gjennomført kurset vert og medlem av Interpret Norway
  • Bedrifter kan samarbeide og dra veksel på kvarandre sin kompetanse og guidar.
  • Fjordkystparken vil med jamne mellomrom tilby ulike typar guidekurs og faglege samlingar
Scroll to Top