Julemarknad og juleverkstad i Fjordkystparken

Vi vil også i år arrangere julemarknad og juleverkstad for born og ungdom i Fjordkystparken
img 1415

Dei siste åra har Fjordkystparken arrangert julemarknader og juleverkstader for born og ungdom ved fleire av episentera, til stor glede for både små og store. Dette er ei satsing vi ønskjer å vidareføre som ein fast tradisjon framover.

Følg med på Facebook for meir informasjon om program, tid og stad.

________________________________
Solund

📅 Laurdag 13. Desember
⏰ Kl. 14-18
📍 Stad: Taklebua

Det vert joleverkstad for born i verkstaden til Norsk Kystkulturakademi i same tidsrom. Verkstaden ligg ved Hardbakke hamn.

Hyllestad

I veke 48 vert Prestegarden Kulturhus open både laurdag og sundag!
Laurdag frå 12:00-16:00 vert det kulturhuskafé i tillegg til at Hjertebladhagen vert å finne i Grønestova under opningstida, med masse fine juleblomar og julepynt 
Sundag vert kaféen open frå 14:00 til 18:00, Hjertebladhagen i Grønestova, og det vert tenning av julegrana på parkeringsplassen ved Spar Hyllestad kl 17:00!

5c8a6f63 9458 401d 8541 6fda31704105 1 105 c

edc33a63 6fb8 48a9 871d b9d9e6c61ace 1 201 a

f83f9578 37ed 4daa 9601 49bdcd45c85a 1 105 c