Innføringskurs i natur- og kulturveiledning

Ynskjer du å bli god til å formidle? Vil du verte eit betre vertskap ? Her er eit skreddarsydd kurs for Fjordkystparken med Kristian Bjørnstad, som har lang erfaring innan fagfeltet. (Bla ned for å lese meir)

Kurs i guiding og formidling

 

Jobbar du innan  reiseliv, eller har ein vertskapsrolle?  Har du lyst å bli ein god formidlar og å lære dei beste guide-triksa? Bli med til  Hyllestad på kurs  !

 Kva er interpretasjon?

  • Ein velkjent metode for kultur- og naturveiledning som blir forvalta av Interpret Europe. Dei tilbyr fleire typar sertifiserte kurs. (sjå https://interpret-europe.net)
  • Å leggje til rette for deltaking og bruk av sansane.
  • Å skape engasjement ved å relatere opplevingane til gjesten si eigen kunnskap, erfaring og verdiar.
  • Å fokusere på autentiske opplevingar der den besøkande vert engasjert
  • Å møte besøkande på ein måte som legg til rette for inspirasjon, undring og læring

På kurset får du:

  • være både ute og inne og gjere kreative og praktiske øvingar som byggjer ferdigheiter i formidling.
  • gode døme på korleis god formidling kombinerast med reiselivsprodukt.
  • jobbe saman i grupper og aleine for å utvikle rollen som vertskap.
  • hjelp til å leggje til rette for gode førstehandsopplevingar og lage tema som fungerer overfor ulike typar gjester.
  • Jobbe med ein plan knytt til eigne opplevingsprodukt.
  • lære historieforteljing som skaper meirverdi for opplevingar og produkt
  • møte andre og skape nettverk.

Du lærer:

  • Å skape interesse hos gjestene.
  • Bli bevisst særpreg og fortrinn i eigen region.
  • Korleis du kan relatere gjestene si oppleving til deira eigen kunnskap, erfaring og verdiar.
  • Utvikle og tilpasse din kommunikasjon mot ulike målgrupper

Praktisk info:

Dato: Laurdag  21.- sundag 22. juni

Tidspunkt: Kurset varer i to dagar/16 t. Frå kl. 10-18

Påmeldingsfrist:  31. mai

Påmelding: send e-post til post@fjordkystparken.no 

Stad: Kurset blir halde på episenteret vårt i Hyllestad; Prestegarden kulturhus og Kvernsteinsparken  

             

  • For bedrifter, organisasjonar og privatpersonar
  • Minimum 7 /maks 18 deltakarar per kurs.
  • Sertifisert kurshaldar Kristian Bjørnstad fråNorske Parker/Interpret Norway.
  • Kurset gjev medlemskap i Interpret Norway 
  • Pris: for medlem i Fjordkystparken 3500 NOK / ikkje medlem  4200 NOK
  • Fjordkystparken ynskjer å satse på lokal ungdom som guidar og sponsar unge som melder seg på! (Aldersgrense 15 år) Lokal ungdom under 18 år får kurset til 2500  NOK  for medlemmer av Ung i park/ Junior Ranger (medlemskap er gratis) / 3200 NOK  for ikkje medlem
  • Kurset inkluderar Varm lunsj begge dagar
  • Informasjonsbrev om kurset til deltagerne i forkant av kurset.
  • Gjennomføring av online informasjonsmøte i forkant av kurset

Nettverk:

  • Dei som har gjennomført kurset kan bli ein del av guidenettverket i Fjordkystparken og Visit FjordKysten og Sunnfjord
  • Dei som har gjennomført kurset vert ogmedlem av Interpret Norway 
  • Bedrifter kan samarbeide og dra veksel påkvarandre sin kompetanse og guidar.
  • Fjordkystparken vil med jamne mellomrom tilby ulike typar guidekurs og faglege samlingar

Scroll to Top