Den 6. september vart Geologiens Dag feira i og utanfor Prestegarden, ein del av Episenter Hyllestad. Dagen bød på open kafé med kaffi og marmorkake, og ei rekke geologirelaterte aktivitetar.
Programmet starta med føredraget «Slett ikkje urørd natur» av Kari Hjelle, museumsdirektør ved Universitetsmuseet i Bergen, om korleis kulturlandskapet har endra seg gjennom 1000 år.
I Prestegardshagen hadde museumsleiaren ved Kvernsteinsparken gjort klar fleire kvernsteinar, slik at publikum kunne prøve å male korn til mjøl på gamlemåten. Sunnfjord Geo Center deltok òg, der Atle Nesje formidla geologi og tidslinjer på ein engasjerande måte.
Arrangementet var ope for alle og fekk godt besøk av geologiinteresserte Hyllestadingar.
