Fjordkystparken har fått ny digital drakt

Fjordkystparken har lansert ei heilt ny nettside! Med nytt design, betre struktur og oppdatert innhald er det no enklare å finne informasjon om parken, prosjekta våre, episentra, og aktivitetane vi arbeider med.

Den nye nettsida skal vere ein møteplass for både innbyggjarar, partnarar og besøkande som ynskjer å lære meir om natur-, kultur- og arven i regionen. Her finn du informasjon om arbeidet vårt, aktuelle prosjekt, arrangement og moglegheiter for å engasjere seg i Fjordkystparken.

Sida er utvikla både på norsk og engelsk, slik at innhaldet blir tilgjengeleg for eit breiare publikum, både lokalt og internasjonalt.