Fjordkystparken er no UNESCO Global Geopark

I april vart Fjordkystparken godkjend som UNESCO Global Geopark
fjordkystparken 2

Det siste året har Fjordkystparken hatt god utvikling og fleire viktige milepålar. Den største av dei kom i april, då parken vart godkjend som UNESCO Global Geopark. Dette markerte vi med ei stor feiring på Hardbakke 28. april, i samband med parkmøtet. Til markeringa inviterte vi politikarar frå kommunane, fylkeskommunen og staten, i tillegg til alle medlemmar og partnarar. Før sjølve feiringa gjekk turen ut på fjorden med båt, der deltakarane fekk ei befaring av nokre av attraksjonane i parken. Utover våren og sommaren har vi også markert UNESCO-statusen lokalt i Sunnfjord, Fjaler, Hyllestad og Askvoll med flaggheising, talar, gavedryss og kulturelle innslag.

Sjå glimt frå opninga og båtturen her

fjordkystparken 1
Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord

Forbes plukka opp nyhenden om UNESCO status

Godkjenninga fekk òg merksemd internasjonalt. Visit Fjordkysten og Sunnfjord sende ut ei pressemelding i samband med nyheita, og denne vart plukka opp av det amerikanske magasinet Forbes, som publiserte ein større reportasje om parken. Det er eit trongt nålauge å få omtale i Forbes, som når ut til heile 78,8 millionar lesarar. Reklameverdien av omtalen er estimert til 19,8 millionar kroner. Vi kan difor trygt slå fast at Fjordkystparken har bidrege til auka synlegheit og verdiskaping for det lokale næringslivet.

Les Forbes artikkelen her 

Fjordkystparken på verdskartet

UNESCO-statusen har verkeleg sett Fjordkystparken på kartet, bokstaveleg talt. Opnar ein Google Maps, er namnet på parken blant det første som kjem opp, markert med store grøne bokstavar. Samtidig betyr designeringa at Vestland fylke no har fire parkar med UNESCO-status, og dermed er fylket i Noreg med klart flest slike områda.

skjermbilde 2025 11 26 kl. 09.44.01
Skjermdump frå Google Maps
Statsbudsjettet 2026

Ein gladnyheit er at regjeringa i forslaget til statsbudsjett for 2026 har foreslått å gi alle norske UNESCO Global Geoparkar 1 million kroner kvar gjennom Kunnskapsdepartementet. Dette er eit mål geoparkane lenge har jobba for, og det betyr svært mykje for vidare arbeid. Midlane går fyst og fremst til å følge opp forpliktelsene frå UNESCO, men det frigjer og ressursar til å realisere utvikling av episentera (visningssentra), styrke satsinga på ungdomsarbeid, og vidareutvikle samarbeidet med Visit Fjordkysten og Sunnfjord.


Her kan du lese meir om saker vedrørande UNESCO statusen

UNESCO annonsering

UNESCO si artikkel om Fjordkystparken

Omtalar og reportasjar

Askvoll: https://www.firda.no/kommunen-selde-skulen-for-i-krone-dette-skal-dei-bruke-han-til/s/5-15-1907505

Sunnfjord: https://www.firda.no/niagara-falls-fekk-nei-i-neste-veke-far-bygstad-unesco-domen/s/5-15-1873482

Fjaler: https://jakobsande.no/kva-skjer/vandring-med-nikka-felespel-og-forteljing

Hyllestad: https://misf.no/kvernsteinsparken/opplevingar/geologiens-dag-unesco-markering