,

Fjordkystparken arrangerer kurs i tørrmuring på Indrefjord gard

Ein gammal husmannsplass i Indrefjord får nytt liv.

Arbeidet med å vøle  grunnmuren til  den gamle husmannsplassen på Indrefjord gard er godt i gang, og undervegs har vi gjort spennande funn , mellom anna ei gammal kistegrøft som noe er reparert. Bonden sjølv er med og hentar fram stein med gravemaskin, og vi nytter berre  lokale  stein frå staden i oppattbygginga.

Vêret har vore skiftande, men med gode klede held vi varmen og motivasjonen oppe. Berit lærer bort teknikkar for å forme steinen og prinsipp for å binde konstruksjonen saman , slik at muren kan stå i nye hundre år.