Fjordkystparken til Frankrike!

Den 17. april dreg ein breitt samansett gruppe av partnarar i Fjordkystparken på studietur til Frankrike i regi av Erasmus + for å lære om korleis ein av dei eldste regionalparkane i Europa jobbar med bygningsvern og tradisjonshandverk.

Levande landskap

Levande landskap er ikkje berre natur, det handlar og om dei bygningane og bygningsmiljøa som høyrer til i dei. Difor er det er naturlig for regionalparkane å lyfte opp og jobbe breitt med temaet bygningsvern.
I Fjaler har det over mange år vakse fram eit sterkt nedanifrå og opp -initiativ for å etablere eit bygningsvernsenter knytt til miljøet rundt Jensbua Kystkultursenter. Her finns mykje kunnskap, engasjement og interesse knytt til gamle bygningar og bygningsmiljø, byggeskikk, tradisjonshandverk, eldre båtar og kystkultur.
Både Jensbua Kystkultursenter, Norsk Kystkulturakademi og Nedre Jølster Bilelag er partnarar i Fjordkysten regional- og geopark, og desse verksemdene tok i 2018 initiativ til å etablere Skippertaket, som set fokus på kysten sine bygningar ved å redde eit kystkulturminne på dugnad ein gong i året.
Dei seinare åra har nettverket rundt Jensbua Kystkultursenter vakse og Fortidsminneforeininga i Sogn og Fjordane og Jakob Sande -senter for forteljekunst har vorte sentrale samarbeidspartnarar.
Fjordkysten regional- og geopark såg tidleg at dette initiativet har veldig mange gode aspekt i seg og at det kjem synergiar ut av samarbeida som har oppstått.
Vi har difor engasjert oss for å løfte fram dei viktige initiativa og det langsiktige arbeidet hjå våre lokale partnarar ,fyrst ved å etablere Skippartaket, og seinare ved å søkje om eit Erasmusprogram . Både Jensbua Kystkultursenter, Dale VGS , Fortidsminneforeininga Sogn og Fjordane og handverksverksemdene i nettverket er partnarar i Fjordkystparken. Parken si rolle er å være koordinator og fungere som ein samarbeidsplattform for dei ulike aktørane.

Involvere ungdom
Det har lenge vore eit viktig tema å få inn unge krefter og arvtakarar i arbeidet med å ta vare på gamle bygningar og fartøy, slik at ikkje kunnskap og kompetanse forsvinn.
Dei siste åra har Jensbua Kystkultursenter i samarbeid med Fortidsminneforeininga oppretta eit samarbeid med Dale vidaregåande skule og Øyrane vidaregåande skule om fagdagar knytt til bygningsvern for tømrarelevane.
Tanken er å styrkje bygglinja i Dale, som har få søkjarar, og skape interesse for bygningsvern og tradisjonshandverk hos elevane. Dette kan igjen styrkje rekrutteringa, og ei satsing i lokalmiljøa kan vise at det er mogleg å skape seg ei framtid i regionen innanfor feltet. Snekker-verksemdene som er ein del av miljøet som driv med bygningsvern ynskjer å ta i mot og lære opp motiverte lærlingar, og slik kan ein få ein vinn-vinn situasjon.
På sikt vurderer Dale VGS å etablere eit utvekslingsprogram for elevar ved bygglinja, dette kan bidra til å gjere bygglinja endå meir attraktiv, og styrke søkjartalet til skulen.

Samarbeid! 
Regionalparkane fungerer som plattformer for samarbeid på tvers av sektorar og ideelle og kommersielle interesser. Når fleire aktørar samarbeider slik ein gjer til dømes rundt Jensbua Kystkultursenter bygger ein kompetanse og utvekslar erfaringar . Dette er svært verdifullt innanfor eit felt der det ikkje alltid er eintydige svar på korleis og kor mykje ein skal og bør vøle. Ved å samarbeide lærar ein av kvarandre og utviklar gode haldningar og kultur, samstundes som det vert skapt ein base for læring og meiningsutveksling knytt til bygningsvern. Kursa som vert arrangert av kystkultursenteret bidreg også til å auke og samle kompetansen og ressursane i regionen.

Internasjonalt samarbeid :

I 2021 tok Fjordkysten regional- og geopark initiativ til eit samarbeid om eit Erasmus+ -prosjekt for å styrke og utvikle samarbeidet. Norske parkar hjelpte oss med å etablere kontakt med ein venskapspark i Frankrike, som på same måte som oss har fokus på kystkultur og tradisjonshandverk.
Vestland Fylkeskommune  svarte positivt på søknaden og  løyvde  midlar til at ein breitt samansett gruppe kan dra på studietur for å sjå og lære korleis dei jobbar med å ta vare på landskap og bygningar i ein av dei eldste regionalparkane i Europa; Parc naturel régional de Brière. Tema for studieturen er materialkunnskap og tradisjonshandverk.
Erasmus+- programmet for tverrsektorielt samarbeid skal føre til læring og utvikling, og gje gruppa ei felles forståing for situasjonen og utfordringane. Nettverket og samarbeidet vil være ein viktig ressurs for lokal utvikling og verdiskaping i det vidare arbeidet.
Dei 11 personene som deltek i programmet og som dreg på studietur til til Frankrike(17.- 21. 4) er :

  • Ove Losnegård , snikkar og Båtbyggjar,styreleder Jensbua Kystkultursenter,
  • Gro Fivesdal; rektor ved Dale Videregående skole
  • Svein Magne Myklebust, faglærer ved Dale videregående skole
  • Erlend Gjeldsvik tradisjonshåndverker i Nedre Jølster Bilelag
  • Alexander Rauboti, Prosjektleder Sogn og Fjordane fortidsminneforening
  • Kjetil Høgseth Felde , ordførar Fjaler kommune
  • Ingeborg Opdøl Tysnes- Kommunalsjef for kultur og samfunnsutvikling
  • Jordy Kames ,håndverker Norsk kystkulturakademi as
  • David Johannes Sandved, seksjonssjef v. seksjon for kulturarv. Vestland Fylkeskommune
  • Gry Mørk , parkforvaltar Nærøyfjorden Verdsarvpark
  • Trude Søilen , dagleg leiar Fjordkysten regional- og geopark

Partnarar i Frankrike:

Samarbeid!- Når ein jobbar i lag og samhandlar vert ein sterkare og kjem mykje lenger !

 

Scroll to Top