Parkleiinga får tilbakemeldinger om at Fjordkystparken sitt engasjement lokalt i kommunane skaper inspirasjon og optimisme, som igjen leier fram til aktivitetar og verdiskaping basert på lokalsamfunnet sine eigne premiss.
Episentra er under stadig utvikling, og sjølv om arbeidet går litt i rykk og napp, ser vi stadig framgang i alle kommunane. Det er naturleg at utviklinga skrir ulikt fram, ettersom formidlingssentra er ulikt utrusta med ressursar og har ulik utforming. Nokre er to-delte, andre satsar på ein base for si formidling, nokre er godt etablerte organisasjonar frå før, og andre er heilt nyoppretta. Episentra deler informasjon og erfaring internt og hentar inspirasjon frå kvarandre. Den regionale episentergruppa med ressurspersonar frå kvar kommune er eit godt forum for slike utvekslingar. Dei har møte omlag kvar 6. veke.
Det er lagt ned mykje dugnadsinnsats i episentra det siste året, og dette visar kor mykje frivillighet og forankring det skaper å etablere lokale besøksenter. Til dømes har episenteret i Askvoll/Stongfjorden registrert 750 dugnadstimar sidan sommaren i fjor. I Hyllestad har Prestegarden vorte pussa opp og drive på dugnad, og så langt i 2026 har det vore lagt ned omlag 100 dugnadstimar berre på dette.
Parkleiinga får tilbakemeldinger om at Fjordkystparken sitt engasjement lokalt i kommunane skaper inspirasjon og optimisme, som igjen leier fram til aktivitetar og verdiskaping basert på lokalsamfunnet sine eigne premiss.
Sitat frå leiaren av eit av episentra våre:
Det å vere i nettverket til Fjordkysten regional- og geopark, gjer at det er lettare å engasjere seg og jobbe mot dei same måla. I parken vert det tydelegare at ein er ein del av ein større samanheng, sjølv om vi bur på ein liten plass med lite folk.
Vi heier på episentra og alt det gode arbeidet dei gjer!
