Vi feirer den internasjonale parkdagen med “Stein,natur- og kulturdagar” i Bygstad 23.-24. Mai

Det skjer mykje spennande i Bygstad for tida, og 23.-24. mai invitera Bygstad Utvikling og Fjordkystparken til "Stein ,natur og kulturdagar"

22.–23. mai inviterer Bygstad Utvikling og Fjordkysten Regional- og Geopark til «Stein, natur og kulturdagar», eit gratisarrangement med mellom anna eventyraren Stein P. Aasheim på gjestelista.

 Den ikoniske Storehesten er i fokus, og no kan du få lære litt om korleis han faktisk har blitt til.

Det vert program både På fredag kveld, og på laurdag. Laurdag  blir det grilling under «skjorta» ved Storehesten. Ein spektakulær plass. Fjellveggen går 700 meter rett opp på det punktet

 

Programmet

  1. mai kl. 19.00–21.00 i Bygstad Samfunnshus:

Velkommen v/ Trude Søilen, administrerande direktør for Fjordkysten Regional- og Geopark.

Føredrag ved:

  • Geolog Espen Bråstein: Geologien i Geoparken med hovudvekt på Hestane og Blegja i Sunnfjord.
  • Professor emeritus Atle Nesje: Dalsfjorden – Bygstad-området: Landskap, ishavssmelting og havnivåendringar.
  • Fjellklatrar, fotograf, forfattar og turmann Stein P Aasheim: «Fjellene har meg nå», frå vandring i norske fjell til den første norske bestigning av Mount Everest i 1985
  • Enkel servering og kaffi
  1. mai kl. 11.00–15.00 under Skjorta i Storehesten 

(ca. 30 min gonge frå parkering ved Stølshaugane, via Kårstadstølen).

Forteljingar, konkurransar med tema stein, natur og kultur og leikar for born i alle aldrar. Stein P Aasheim, Atle Nesje og Espen Bråstein deltek.

Stein, natur og kultursti for alle. Ta med mat, høve til å grille. Telt er montert dersom regn.

Arrangementa er gratis!

Scroll to Top