Solund

Heilt vest i Noreg, der skjergarden møter opent hav, ligg Solund episenter. Her forvaltar og formidlar vi kystkultur, kystlandskapet og levande tradisjonar i ein øykommune med heilt særeigne geologi.

Kunnskap og kultur heilt vest i landet

Solund episenter er ein av inngangsportane til Fjordkystparken, der kystkulturen og kystlandskapet står i sentrum. Episenteret er todelt og omfattar både Taklebua, ein gamal sjøbu på Hardbakke, og Gjenbruket på Solund Center . Gjenbruket er ein triveleg møteplass på Hardbakke, driven av Solund Frivilligsentral. Her kan du gjere bruktfunn, kjøpe lokal husflid, nyte kaffi og vaflar, eller berre slå av ein prat med sambygdingar og tilreisande. Episenteret fungerer som eit lokalt knutepunkt for formidling, aktivitar ,naturvettleiing og prosjektarbeid i kommunen. Både Taklebua og Gjenbruket sel lokale produkt.

Gjennom tett samarbeid med lokale lag, næringsliv og skular arbeider episenteret for å gjere natur- og kulturarven tilgjengeleg for alle , anten det er skuleklassar , turistar eller fastbuande som vil lære meir om sin eigen heimstad.

Solund er kjend for eit av Noregs tettaste skjergardlandskap med over 1 700 registrerte øyar og holmar. Geologien vitnar om ei dramatisk fortid: her finn vi tydelege spor etter den kaledonske Fjellkjeda som stod her for meir enn 400 millionar år sidan, med konglomerat som den dominerande bergarten.