Den 11. september deltok Fjordkystparken på seminaret «Bygg bruer, ikkje murer» arrangert av FN-sambandet i Bergen, der UNESCO sitt skulenettverk var samla. Seminaret tok for seg korleis ein kan styrke interkulturell forståing som grunnlag for eit meir fredeleg samfunn, og understreka kor viktig det er å kjenne eigen kultur før ein kan forstå andre.
Fjordkystparken var invitert til å presentere korleis vi jobbar med kulturformidling i regionen, og valde å løfte fram «Hyllestadmodellen.» Eit undervisningsopplegg utvikla i samarbeid mellom Kvernsteinsparken og Hyllestad skule. Opplegget er tverrfagleg, basert på «lære ved å gjere», og styrkjer lokal identitet. Frøydis Akse frå Hyllestad formidla modellen til dei rundt 60 deltakarane på seminaret.
