Bli partnar

Du kan no vere med på ei spanande reise med å få vår region UNESCO-designert. Det vil seie å få eit av verdas fremste kvalitetstempel på alle varer og tenester som vert levert frå dette området. Både geologien, kulturen og menneska som bur i vår region skil seg ut og vert lagt merke til i vår store verd. Det er noko å vere stolt av, ta vare på og utvikle vidare i den felles samarbeidsplattformen som vår park er.
Sauesanking (smalegange) i Indrøyna

Hovudmålet til parken er å skape ein meir attraktiv region for innbyggarane, næringslivet, skuleklassar og besøkande. Parken skal sette regionen vår på kartet og gje den eit kvalitetsløft. Som medlem vil ein bidra til dette. Vi er i tidleg fase og som medlem no vil ein ha sterk innflytelseskraft på korleis parken skal utvikle seg.

Ein kan bli medlem som bedrift, lag, organisasjon eller privatperson. 

Send e-post til post@fjordkystparken.no for å melde deg inn eller for å få meir informasjon.

Medlemskontingent:
  1. Privatpersonar, lag og organisasjonar: kr 500
  2. Verksemder: kr 1000
  3. Medlemmar som er medlem både i parken og Visit Fjordkysten får kr 500 i rabatt på marknadsavtale i Visit Fjordkysten
Scroll to Top