Bli med på Skippertaket 2026 – 12.–14. juni!

Skippertaket er ein årleg dugnad der tradisjonshandverkarar, bygningsvernarar og frivillige samlast for å redde eit kystkulturminne. Bak initiativet står ei engasjert gruppe handverkarar og fagmiljø, alle partnarar i Fjordkystparken: Jensbua Kystkultursenter, Nedre Jølster Bilelag, Norsk Kystkulturakademi, Ove Losnegård Snikkar & båtbyggjar og Alden Kystlag.
fjordkystparken 7

Arbeidsgruppa har allereie fått inn mange gode søknader for  kulturminne som treng førstehjelp, men vi har  enno ikkje avgjort kvar Skippertaket 2026 skal gjennomførast i år. Følg med på heimesida vår -vi oppdaterer så snart stad og praktisk informasjon er på plass!

Skippertaket er både lærerikt, sosialt og inkluderande , og du treng ikkje erfaring for å delta. Vi treng både  handverkarar og deg som berre har lyst til å bidra og lære.
I fjor var det rekordmange kvinner med, noko vi er svært glade for, og vi håpar endå fleire blir med i år!
Eigaren av kulturminnet sørgjer for kost og losji. Du treng berre å ta med deg arbeidsklede, og gjerne litt handverktøy om du har.
Påmelding:
Trude – post@fjordkystparken.no

Skippertaket vert støtta av Kulturminnefondet.