BLI MED PÅ SKIPPERTAKET 2025- 13.-15. juni! !

Skippertaket er ein årleg aksjon der frivillige samlast for å redde eit kyst-kulturminne. Bak initiativet står ein gjeng med engasjerte tradisjonshandverkarar og bygningsvernarar i Sunnfjord og Ytre Sogn, som alle er partnarar i Fjordkystparken: • Jensbua Kystkultursenter • Nedre Jølster Bilelag • Norsk Kystkulturakademi • Ove Losnegård Snikkar & båtbyggjar • Alden Kystlag

I år fekk vi inn rekordmange søknader, med ulike bygningar som har trong for fyrstehjelp
Valet falt på eit naust i Kolgrov (Solund), som står i eit særeige og gamalt sjøhusmiljø.
Det er svært lærerikt, sosialt, inkluderande og kjempekjekt å delta på denne dugnaden! Eigaren ordnar med kost og losji, og alt du treng er handverktøy og arbeidsklede. Til opplysning har vi allereie fått påmelding frå fire kvinner i år.Utruleg kjekt! -Og det er plass til fleire!
Meld deg på til Trude på e-post : post@fjordkystparken.no

Scroll to Top