Bli med på kurs i tørrmuring med Berit Bruvik!

Det er framleis nokre ledige plassar! Vil du lære eit av dei eldste og mest varige handverka vi har? Fjordkystparken inviterer til eit praktisk og lærerikt kurs i tørrmuring på vakre Indrefjord gard , leia av Berit Bruvik, ein av landets mest erfarne tørrmurarar. Ingen forkunnskaper nødvendig
img 9490

Kva skal vi gjere?

Kurset tek utgangspunkt i eit  restaureringsprosjekt der vi skal reparere og bygge opp att grunnmuren til ein gammal husmannsplass på Indrefjord gard.

Dette vert første steg i eit større løft, der målet på sikt er å reise huset opp att.

Program

Fredag 8. mai (ca. kl. 18:00–20:00)

  • Foredrag om tørrmuring
  • Innføring i teknikkar og prinsipp for tørrmuring
  • Enkel servering

Laurdag 9. mai (ca. kl. 09:00–18:00)

  • Innføring i bruk av verktøy
  • Praktisk arbeid med tørrmuring
  • Lunsj ca. kl. 12:30

Søndag 10. mai (ca. kl. 09:00–16:00)

  • Vidare praktisk arbeid
  • Ferdigstilling og oppsummering

Les meir om kurshaldaren her :

informasjon

Betalast på vipps eller få tilsendt faktura  seinast 9 dagar før kurset startar.

Ta med:

  • Arbeidsklede
  • Vernesko
  • Vernebriller
  • Høyrselsvern

Dette er meir enn eit kurs.
Det er ei moglegheit til å lære eit handverk som er i ferd med å forsvinne ,og vere med på å gi nytt liv til ein historisk plass saman med masse engasjerte og kjekke folk!

I neste runde kan du òg  melde deg på kurs i grindbygg , og følgje heile prosessen , frå å hente ut tømmer frå skogen med hest, til å bygge og tilpasse grindene til grunnmuren.- Følg med på heimesida vår .

Velkomen til ei steinbra helg !img 9487