Fjordkystparken får internasjonal merksemd for sitt arbeid med å vidareføre immateriell kulturarv for å ta vare på kritisk trua landskapstype
I samband med markeringa av UNESCO sitt 80-årsjubileum er Fjordkystparken presentert med ein to siders reportasje i jubileumsutgåva til det internasjonale magasinet The UNESCO Courier . Reportasjen løftar fram arbeidet vårt med å ta vare på kritisk truga landskap gjennom formidling og vidareføring av immateriell kulturarv, og visar til korleis tradisjonskunnskap, lokalt engasjement og samarbeid på tvers av generasjonar bidreg til å sikre kystlandskapet.
Reportasjen synleggjer eit viktig prinsipp i arbeidet til Fjordkystparken: at natur- og kulturarven må sjåast i samanheng, og at lokalbefolkninga har ei sentral rolle i å ta vare på og utvikle dei ressursane vi har rundt oss.
Vi er stolte av at erfaringane frå Fjordkystparken no vert delte med lesarar over heile verda!
Les reportasjen om Fjordkystparken i The UNESCO Courier, og bli inspirert av korleis levande kulturarv og lokal tradisjonskunnskap bidreg til å ta vare på eit kritisk truga landskap.
Foto: Stig Steinsund
Les den nyaste utgåva av The UNESCO Courier herhttps://unesdoc.unesco.org/ark:/48223/pf0000399990_eng.locale=en
In Norway, a living agricultural history inscribed in time ( s. 21/22)


