Prosjektstart i Hyllestad – natur, kultur og samarbeid!

I september starta samarbeidsprosjektet til Fjordkystparken, Kulturskulen i HAF, Kvernsteinsparken og fleire lokale partnarar i Hyllestad.

Her skal kulturskuleelevane lære om korleis vi kan nytte naturen på ein berekraftig måte i vårt eige nærmiljø. Gjennom handboren kunnskap med praktisk læring og utforsking vil elevane få innsikt i korleis dei lokale ressursane vart nytta før, og korleis vi kan gjere dette i dag.

Nokre tema dei skal ha fokus på er korleis ein kan bruke lokale planter til farging av ullgarn, og korleis ein kan bruke det ein finn i ein vanleg hage til å framstille pigment til kunstmåling. 

Ein vil snart sjå at det skjer ting i prestegardshagen, og vi gler oss til å utvikle hagen til ein stad for kunnskapsdeling og formidling av natur- og kulturverdiane våre. Vi vil også dele våre erfaringar i prosjektet med dei andre episentra i Fjordkystparken, samt formidle aktivitetane til m.a. andre lag og organisasjonar som ynskjer å sjå og høyre kva vi jobbar med. 

Samarbeidsprosjektet til Fjordkystparken m/partnarar er støtta av Kulturrådet, Hyllestad kommune og Prestegarden Kulturhus.