16.-18. september deltok Fjordkystparken på den 18. International European Geoparks Conference, arrangert av Saimaa Geopark i Finland. Konferansen samla meir enn 400 representantar frå UNESCO Global Geoparks frå heile Europa til tre dagar med faglege innlegg, workshops, erfaringsutveksling og ekskursjonar.
Fjordkystparken bidrog også fagleg på konferansen. Dagleg leiar Trude Søilen presenterte arbeidet med Skippertaket under temaet Innovation in Cooperation, som eit døme på korleis samarbeid og lokale initiativ kan bidra til å ta vare på kulturarven.
European Geoparks Network (EGN) samlar annakvart år UNESCO Global Geoparks frå heile Europa. Konferansane er ein viktig møteplass for parkane, der vi deler erfaringar og kunnskap om formidling, berekraftig samfunnsutvikling, reiseliv og samarbeid med lokalsamfunna.
For Fjordkystparken er deltaking i dette nettverket ein viktig del av det å vere UNESCO Global Geopark. Vi får lære av parkar som har arbeidd med UNESCO-statusen gjennom mange år, samtidig som vi får dele våre eigne erfaringar og arbeidsmåtar.
Under konferansen vart det arrangert eit GeoFair, der landa presenterte parkane, kulturen og særpreget sitt både for kvarandre, besøkande og lokale skuleelevar . Dei norske geoparkane gjekk saman om ein felles norsk stand, der vi viste film, og fortalte om parkane i Norge.
Dagane i Finland gav inspirasjon, nye idear og kontaktar som vi tek med oss vidare i arbeidet.
Les meir om EGN-konferansen i Saimaa
Forsidebilde: Foto Lauri Heino / Saimaa Geopark


