Laurdag 12. september tok Fjordkysten regional- og geopark turen til Fjaler, der vi hadde stand saman med Atle Nesje frå Sunnfjord Geo Center AS i samband med Geologiens dag.
På standen fekk publikum bli betre kjende med den spennande geologien i området. Vi viste fram ulike steinprøver som er representative for geologien i parken. Blant dei mest spennande var ein stein med fossil, funnen i Storehesten-området av Per Christian Burhol. Fossilet er mellom anna med på å dokumentere at bergartane i området er rundt 400 millionar år gamle, eit lite fossil som fortel ei stor historie om den geologiske fortida til landskapet.
Eit anna høgdepunkt var istidseksperimentet vårt, som på ein enkel og visuell måte viste kva som skjer med havnivået og berggrunnen når kontinent og havområde blir dekte av enorme ismasser. Eksperimentet gav publikum eit innblikk i dei store kreftene som har vore med på å forme landskapet vi kjenner i dag.
Seinare på dagen haldt Espen Bråstein og Atle Nesje eit spennande føredrag om geologien i Fjaler-området. Her fekk publikum høyre meir om berggrunnen, landskapet og dei geologiske prosessane som har sett sitt preg på området gjennom millionar av år.
Det vart ein innhaldsrik dag med stein, fossil, is og geologi, og ikkje minst mange gode samtalar om naturen og det geologiske landskapet rundt oss!


