Laurdag 28. november kan du bli med på ein julefylt dag på Stangfjord bruksskule.
Laurdag 28. november vert da julemarknad, geologi, julegrantenning, akevittsmaking og julekveld i Skulestova. Litt av kvart for både store og små. Akevittsmaking er ein del av programmet på den dagen for «granitt og akevitt» i Stangfjord Bruksskule. Dette er ein del av det omfattande programmet i episentert i Askvoll kommune denne dagen.
Program
12:00-16:00: Julehuset (marknad)
Rundt omkring på skulen finn du små utsal med alt som høyrer ein skikkeleg julemarknad til. Her blir det lokalt laga kunst, veveprodukt, strikk, lefser og mykje anna fint – perfekt for deg som vil sikre nokre julegåver eller berre unne deg noko kjekt. I kafeen kan du få kjøpt julegraut og andre godsaker.
13:00: Spektakulert geologisk foredrag av professor emeritus Atle Nesje
Det vert også ei annonsering av ei stor nyhende i geologisk samanheng, men som foreløpig er topp hemmeleg. Nysjerrig? Berre å møte opp den 28. november så får du greie på det.
16:00: Tenning av julegrana
Julegrana vert tent, og vi går rundt grana medan vi syng «Så går vi rundt om en enebærbusk», «Det lyser i stille grender», «Å jul med din glede», og sjølvsagt «på loven sitter nissen».
18:00 Akevittsmakekurs med Stongfjordætling Geir Gjerde
Bli med på ein stemningsfull time med akevitt i fokus Geir Gjerde frå Det Norske Brenneri tar oss med på ei reise i tradisjon, handverk og smakar frå naturen. Med lang erfaring og lidenskap for norske brenneritradisjonar formidlar Geir historier, kultur og kunnskap – og guidar oss gjennom smaksopplevingar utanom det vanlege med smaking på fem utvalde akevittar.
Dette eksklusive akevittsmakekurset har avgrensa plassar så her gjeld det å melde seg på i forkant. Det kostar kr 300,- per deltakar.
Påmelding skjer ved å sende melding på messenger til Stangfjord bruksskule eller til Alice Vie.
20:00: Julekveld i Skulestova (dørene opnast opp for alle)
Industri – ungdomstid – Stongfjorden – Sunndalsøra. Geir Gjerde fortel i samtale med holmedøling og stongfjordentusiast Per Arne Tveit.
Etterpå blir det pubkveld i ekte stongfjordstil, med høve til å kjøpe seg varmmat, noko godt i glaset og sjølvsagt dansing på bordet!


