Teaterfestival i Fjaler gjekk av stabelen 10.-13. september, og med landskap som tema er det mange naturlege koplingar mellom festivalen og arbeidet i Fjordkystparken,
I helga deltok Fjordkystparken på Teaterfestivalen i Fjaler. Teaterfestivalen er ein av partnarane våre i Fjaler, og gjennom festivalhelga har vi bidrege med geologi og landskapsformidling, og delteke i samtalar om kultur og samfunnsutvikling. Dagleg leiar melde seg og som frivillig, og fekk oppleve festivalen frå både innsida og utsida.
Årets festival hadde landskap som tema, noko som treff godt med arbeidet i Fjordkystparken. Landskapet er utgangspunktet for mykje av det vi arbeider med, frå geologi og natur til kulturhistorie, identitet og utvikling av lokalsamfunna våre. Arbeidet vårt er forankra i landskapskonvensjonen, som handlar om perspektiv på og tilhøyrsle til landskap. Festivalprogrammet utforskar på ulike måtar forholdet mellom natur og menneske, med scenekunstnarar frå mellom anna Noreg, Færøyane, Grønland og Island.

Geologi i festivalprogrammet
Allereie torsdag morgon var geolog Espen Bråstein med på festivalfjelltur til Jyttelshaugen. På toppen fekk deltakarane høyre historia bak landskapet dei gjekk gjennom, mellom anna om korleis Fjaler ein gong var del av ei enorm fjellkjede, og om dei geologiske samanhengane mellom landskapet vårt og Grønland.
Laurdag var Fjordkystparken til stades med stand og markering av Geologiens dag. Her heldt Espen Bråstein og professor emeritus Atle Nesje geologiske innlegg og gav publikum høve til å bli betre kjende med både den eldgamle og nyare historia som ligg i berggrunnen og landskapet rundt oss.
Ope kommunestyre om «fenomenet Fjaler»
Fjordkystparken deltok også i ope kommunestyre , der temaet var «fenomenet Fjaler»: Kva representerer dei ulike kulturaktørane, korleis samarbeider dei ,og kva er det som gjer at eit lite lokalsamfunn klarar å få fram eit så sterkt og mangfaldig kulturmiljø?
Representantar frå dei ulike lokale kulturaktørane presenterte organisasjonane og arbeidet sitt, og Fjordkystparken fekk avslutte runden med å fortelje kort om korleis vi arbeider. Her brukte vi dømet The Power of the Place til å vise korleis vi med å løfte fram lokale initiativ og kople dei til nettverk, kan utvikle prosjekt der vi saman med kulturmiljøet i Dale og partnarar på Grønland, i Canada og på Island kan utvikle ein modell for kunstnarresidensar knytt til UNESCO-område.
Det var stort oppmøte, og ordføraren måtte hente fram ekstra stolar. Etter presentasjonane vart det ein utvida samtale om korleis kommune, fylke og stat kan spele saman for å styrkje og byggje vidare på lokale kulturinitiativ. Her var det invitert sentrale personar frå kulturinstitusjonar, stat og fylke. I samtalen var mellom andre statssekretær Trude Storheim i Kultur- og likestillingsdepartementet, Per Morten Ekerhovd, direktør for kultur og folkehelse i Vestland fylkeskommune, Solrun Toft Iversen, teatersjef ved Den Nationale Scene, og Nina Refsnes Smith, seniorrådgjevar for internasjonalt samarbeid i Kulturdirektoratet.
Sjå opptak frå det opne kommunestyremøtet
Ein festival som mobiliserer
Teaterfestivalen er bygd på eit omfattande samarbeid med bygda, og kvart år bidreg meir enn 150 frivillige.
Festivalen rommar langt meir enn teaterframsyningar. Her er kunst, musikk, samtalar, film, aktivitetar og mange eigne tilbod til barn og unge av høg kvalitet. Fredagen i Jakob Sande tunet gav eit godt bilete på dette: barn frå alle skulane i kommunen i full leik ute i regnet, vasspistolar og aktivitet, sirkusartistar og unge musikarar, side om side med resten av festivalprogrammet.

Foto: Irén Kleiven
For Fjordkystparken er Teaterfestivalen i Fjaler eit føregangsdøme på kva som kan skje når lokale initiativ, gode fagmiljø, frivillig engasjement og samarbeid får utvikle seg over tid.


