Visste du at ein av Europas mest truga naturtypar finst rett utanfor stoveglaset vårt?
Denne sommaren startar ei storstilt kartlegging av kystlyngheia i Solund.
Kystlyngheia er no klassifisert som kritisk trua på den norske raudlista for naturtypar, og for å bevare henne må ho brukast og forvaltast gjennom beiting og regelmessig lyngsviing.
Solund ligg midt i eit av dei viktigaste kjerneområda for kystlynghei i Noreg. Her finn vi framleis store samanhengande område som gjennom restaurering og god forvaltning igjen kan verte viktig for berekraftig matproduksjon og ikkje minst beredskap.
Solund kommune har fått 1 650 000 kr til arbeidet og gjennom sommaren vil biologar reise rundt i øyriket for å kartleggje og kategorisere kystlyngheia. Resultata skal registrerast i Naturbase, den nasjonale databasen for viktige naturverdiar. Dette vil gi kommunar, grunneigarar og forvalting eit mykje betre kunnskapsgrunnlag for framtidige tiltak.
Kartlegginga kan også få betydning for dei som faktisk tek vare på landskapet. Når verdifulle naturtypar vert dokumenterte og registrerte, blir det lettare å søkje om og få tilskot til beiting, skjøtsel og restaurering. Slik kan kartlegginga bidra til at fleire bønder og grunneigarar får støtte til arbeidet dei gjer for å halde kystlyngheia i hevd.
Kartlegginga skjer i tett samarbeid med det nyetablerte Solund Beite- og Lyngbrennarlag, som samlar grunneigarar, bønder og andre eldsjeler som ønskjer å ta vare på kystlyngheia for framtida. Lokal kunnskap om sau, beitebruk, lyngsviing og landskapshistorie blir ein viktig del av arbeidet.

Det vert også jobba aktivt med å byggje opp kompetanse og kapasitet for trygg og effektiv lyngsviing. Det er etablert eit godt samarbeid med brannvesenet, og kjøpt inn fleire hengarar med utstyr til utlån for medlemmene, mellom anna løvblåsarar, brannpiskar, dryppkanner og anna nødvendig sikkerheitsutstyr. Framover skal det arrangerast kurs i lyngsviing, og laget vil organisere brenningar i prioriterte område for å ta vare på og restaurere kystlyngheia.
Kystlyngheia er eit levande kulturlandskap skapt gjennom samspel mellom menneske, dyr og natur gjennom fleire tusen år. Utan beitedyr, skjøtsel og aktiv bruk gror ho att. Skal vi ta vare på kystlyngheia, må vi difor halde fram med å bruke henne.
For Fjordkystparken er dette eit viktig tiltak, og eit viktig grunnlag for vidare arbeid med satsinga Levande landskap og for å ta vare på både naturmangfaldet, kulturhistoria og dei opne landskapa som gjer kysten vår sitt særpreg.


