For sjuande år på rad samla handverkarar, bygningsvernarar, frivillige og kulturminneentusiastar seg til det som har vorte ein kjekk tradisjon i Fjordkystparken: Skippertaket.
Konseptet er enkelt, men viktig. Kvart år vel vi ut eit truga kystkulturminne som får førstehjelp gjennom omfattande dugnadsinnsats, fagkunnskap og samarbeid. Målet er ikkje berre å redde bygningar frå forfall, men også å skape haldningar og medvit, og ikkje minst ta vare på handverket, byggjeskikken og kunnskapen som høyrer til.
I år gjekk turen til Skarnagel i Solund, der eit gamalt naust frå 1800-talet stod i fare for å kollapse. Naustet er spesielt fordi det har endevegg i stein, ein byggjemåte som er ganskej sjeldan i Solund. Gjennom tre dagar med dugnad vart skadane i konstruksjonen reparerte, og det vart satt opp nokre nye sperr. No skal eigararne i samarbeid med lokale krefter i Solund gjere ferdig taket og tette det før hausten setter inn.

Levande landskap handlar også om bygningane som høyrer til der, og om menneska som bur der. Om å dele erfaringar, lære av kvarandre og halde liv i kunnskap som elles lett kan gå tapt. Når erfarne handverkarar, frivillige og nye krefter møtest rundt eit kulturminne, vert det skapt både fagleg påfyll, nye vennskap og eit sterkare engasjement for kystkulturen vår.
Arbeidet har også vekt merksemd langt utanfor Fjordkystparken. Skippertaket har fått omtale i NRK gjennom reportasjen om forfallet av naust og sjøhus langs norskekysten, der prosjektet vart løfta fram som eit godt døme på korleis frivillige og fagfolk kan samarbeide for å ta vare på kulturarven vår.
Interessa har også nådd Riksantikvaren. I haust er Fjordkystparken invitert til å halde innlegg på konferansen Kystens kulturmiljø 2026 i Bergen, arrangert av Riksantikvaren i samarbeid med Vestland fylkeskommune og Forbundet KYSTEN. Her skal vi dele erfaringar frå Skippertaket og fortelje om korleis samarbeid, dugnad og lokal forankring kan bidra til å redde kystkulturminne som elles står i fare for å gå tapt.
Vi rettar ein stor takk til alle dei dyktige handverkarane, dei frivillige hjelparane og vertskapet på Skarnagel som gjorde årets Skippertak mogleg.
Og neste år? Då ventar eit nytt kulturminne på å få sitt Skippertak. Datoen er allereie bestemt, det vert 21.-23 mai.- sett av datoen, og følg med på heimesida vår – skippertaket er opent for alle!



