No møter reisande Fjordkystparken på Bringeland og Lavik-Oppedal

Som mange sikkert har fått med seg, arbeider vi aktivt for å gjere regionen vår meir synleg og kjent for både innbyggjarar, tilreisande og turistar som ferdast i fylket.

Som ein del av dette arbeidet har vi no fått på plass informasjonsskilt på Førde lufthamn, Bringeland, samt på ferjesambandet Lavik -Oppedal. Dette gir oss ei viktig moglegheit til å nå ut til eit stort tal reisande gjennom året og skape merksemd kring dei unike natur,- og kulturverdiane som Fjordkysten regional- og geopark har å by på.

På grunn av forseinkingar frå trykkeriet vil reklamen fram til juli bli vist på skjermane inne i salongen om bord på ferjene. Frå juli vil dei permanente plakatane bli monterte på bildekket, slik det opphavleg var planlagt.

Vi ser fram til at denne satsinga skal bidra til auka synlegheit for geoparken og regionen vår, og inspirere fleire til å oppleve alt det spennande området har å tilby.

Førde lufthamn, Bringeland. Biletet er teke med vidvinkelobjektiv, og skiltet kan derfor sjå litt utdrege ut samanlikna med verkelegheita. (Bildet tatt av Reklameservice AS)

Informasjonen som kjem på ferjesambandet Lavik – Oppedal

Les meir om skiltprosjektet i Fjordkystparken

Er du interessert i arbeidet om å gjere Fjordkystparken meir synleg i regionen? Då kan du lese fleire sakar om skiltprosjektet