Korleis heng geologi, kystlynghei, industrihistorie og levande bygder saman? Det fekk Kong Harald høyre meir om då Fjordkystparken fekk presentere regionen under kongebesøket i Askvoll.
For Fjordkystparken var det ei stor ære å få representere regionen og fortelje historia om landskapet, kulturarven og menneska som har forma dette området gjennom tusenvis av år.

På vegner av geoparken fekk geolog Espen Bråstein presentere den heilt særmerkte geologien som ligg til grunn for UNESCO-statusen vår. Han fortalte om korleis enorme geologiske krefter har forma landskapet rundt oss, frå den kaledonske fjellkjeda til fjordar, øyar og fjell slik vi kjenner dei i dag.
Even Vie, dagleg leiar ved Sunnfjord Geo Center og leiar for Askvoll sitt episenter i Stongfjorden, fortalde om korleis geologien la grunnlaget for utviklinga av kommunen, og korleis skaparkraft, handlekraft og dugnadsånd framleis pregar lokalsamfunna våre.
Dagleg leiar Trude Søilen trekte dei store linjene og fortalde om kva Fjordkystparken er, og kva rolle parken spelar som regional utviklingsaktør. Ho løfta fram korleis UNESCO-statusen handlar om langt meir enn geologi; om menneska som bur her, identitet, tilhøyrsle, levande landskap og samarbeidet mellom kommunar, frivillige, næringsliv og lokalsamfunn.
Vi takkar Askvoll kommune for invitasjonen og for eit flott arrangement, og gratulerer med eit svært vellukka kongebesøk.


