Bygningsvern og levande kulturmiljø

Levande landskap handlar ikkje berre om naturen. Det handlar også om bygningane som høyrer til landskapet, og om kunnskapen, handverket og historiene som er knytte til dei.

Langs kysten finn vi naust, sjøhus, løer, buer og andre bygningar som gjennom generasjonar har vore ein viktig del av livet til fiskarbonden. Desse bygningane fortel historia om korleis folk levde, arbeidde og utnytta ressursane i landskapet rundt seg. Når bygningane forfell eller forsvinn, mistar vi også ein viktig del av kulturarven vår.

Fjordkystparken arbeider derfor aktivt for å ta vare på og formidle kulturarven som ligg i dei gamle bygningane langs kysten. Like viktig som sjølve bygningane er kunnskapen om korleis dei vart bygde, vedlikehaldne og reparerte. 

Mange av partnarane i Fjordkystparken arbeider med bygningsvern, kulturminnevern og tradisjonshandverk. Gjennom kurs, dugnader, formidling og praktisk arbeid ynskjer vi saman med dei å bidra til at både bygningane og kunnskapen vert førte vidare til nye generasjonar.

Regional satsing saman med Nærøyfjorden verdsarvpark.

Fjordkystparken har også ei satsing på bygningsvern og tradisjonshandverk i samarbeid med Nærøyfjorden verdsarvpark. Gjennom dette samarbeidet arbeider vi for å formidle verdien av å vidareføre gamle byggjeteknikkar, styrkje kompetanse innan restaurering og vedlikehald av kulturhistoriske bygningar, og auke kunnskapen om dei gamle bygningane og kulturmiljøa vi har i våre område.  Kurs, praktisk opplæring og formidling står sentralt, med mål om å sikre at både handverket og kunnskapen vert teke vare på og ført vidare.

Når vi tek vare på bygningane, tek vi også vare på historiene, kunnskapen og identiteten som høyrer til landskapet, så ette arbeidet handler og om identitet og tilhøyrighet.