Levande landskap har vore eit viktig tema for Fjordkystparken heilt sidan starten. Dethandlar om meir enn natur og kulturminne, det handlar først og fremst om menneska som lever her. Om korleis vi brukar landskapet, tek vare på det og skaper ei framtid i det.
Landskapet rundt oss er ikkje berre forma av naturkreftene. Gjennom tusenvis av år har menneske sett spor etter seg gjennom dyrehald og beiting, slått, fiske, ferdsel og busetjing. Resultatet er eit rikt kulturlandskap med stor verdi både for naturmangfald, kulturarv og lokalsamfunn.
Kystlyngheia er eit av Europas eldste kulturlandskap og eit levande minne om samspelet mellom menneske og natur gjennom fleire tusen år. I dag er denne naturtypen kritisk trua, men i Fjordkystparken blir han framleis halden i hevd gjennom aktiv skjøtsel med beiting og brenning hjå mange av partnararen våre
Levande landskap handlar om å ta vare på fortiden , samtidig som vi skapar aktivitet, engasjement og tilhøyrsle i dag slik at også framtidige generasjonar kan leve, lære og skape i dette landskapet.

Då isen trakk seg tilbake etter siste istid kom dei første menneska til Noreg. For ca. 5000 år sidan begynte dei å brenne ned skog og vegetasjon langs kysten for å rydde beiteland, slik at beitedyra, og då særleg den nøysomme utegangersauen, kunne gjere seg nytte av utmarka.
Landskapet som oppstod av denne kultiveringa heiter Kystlynghei og strakte seg ein gong i eit samanhengande belte langs kysten av Europa, heilt frå Portugal i sør til Lofoten i Nord. Noreg har mykje villmark. Berre 3% av arealet i landet er dyrka mark.
Kystlyngheia var derfor ei viktig ressurs som lenge blei utnytta aktivt
Effektiviseringa av landbruket førte til at den gamle driftsforma med brenning og utegangarsau gradvis opphøyrte og etterkvart har det opne landskapet grodd igjen med busker, tre og anna vegetasjon. Utbygging av kystområda har óg bidrege til at det i dag berre er små lomme igjen av kystlyngheiene, som no har blitt ein kritisk trua landskapstype.

I dag tek innbyggjarane igjen vare på det trua landskapet, i eit organisert samarbeid etablert under perioden då Fjordkysten regional- og geopark var i prosjektfasen. I Solund vart det etablert eit sentrumsnært villsaulag i som blir eigd av innbyggarane, som vert invitert til å delta i alle aktivitene knytta til drifta, året rundt. Dei bidrege på den måten til å skape levande landskap, samtidig som dei produsera mat rett utafor stuedøra.
Ved å halde vegetasjonen nede med beiting og brenning blir landskapet óg meir attraktivt for friluftsliv, og ein kan ta seg fram på stader som før var heilt gjengrodd. Det er no i ferd med å verte etablert fleire villsaulag etter denne modellen, ved eit av dei andre episentra.


