Ung i Park, ungdom som tek vare på framtida

Fjordkystparken er medlem i Junior Ranger-programmet til EUROPARC Federation, eit internasjonalt nettverk som arbeider for å engasjere ungdom i forvaltning av natur- og kultur i verneområde og parkar over heile Europa. Med utgangspunkt i dette samarbeidet har Norske Parker utvikla sitt eige ungdomsprogram, Ung i Park, som er tilpassa norske forhold og lokalsamfunn.

Fjordkystparken har to ung i park grupper, i Solund og Hyllestad. Målet er å gi ungdom praktiske erfaringar, og kunnskap og eigarskap til si eige natur- og kulturarv.

Gjennom Ung i Park får ungdom høve til å lære om landskapet dei er ein del av, samstundes som dei deltek aktivt i å ta vare på det. Her kombinerer vi praktisk arbeid, lokal historie, naturkunnskap og formidling, og gir ungdom erfaring i korleis dei kan forvalte landskapa dei lever i.

Ei viktig målsetjing er å vise ungdomane korleis landskapet rundt dei har forma både naturen, kulturen og lokalsamfunna gjennom generasjonar. Ved å forstå kvar vi kjem frå, vert det også lettare å sjå moglegheitene som ligg i framtida.

Ung i Park engasjerer til  involvering og deltaking. Fjordkystparken ønskjer å gi ungdom ei stemme i utviklinga av lokalsamfunna sine og skape arenaer der dei kan bidra med eigne idear, initiativ og engasjement.

Gjennom Ung i Park investerer vi i framtida til både landskapet og menneska som skal ta vare på det. Målet er å byggje kunnskap, stoltheit og handlekraft hos ei ny generasjon som kjenner seg heime i landskapet sitt og ser verdien av å ta vare på det.