Korleis kan vi hjelpe folk å forstå landskapet dei ferdast i? Det er utgangspunktet for Fjordkystparken sitt skiltprosjekt.
Gjennom fleire år har Fjordkystparken arbeidd med å utvikle eit heilskapleg system for skilting og informasjon i geoparken. Målet er å gjere dei unike geologiske, natur- og kulturhistoriske verdiane i regionen meir synlege og tilgjengelege for både innbyggjarar og besøkjande.
Som ein del av prosjektet er det utvikla og sett opp informasjonsskilt ved ei rekkje geolokalitetar rundt om i parken. Skilta fortel historia om korleis landskapet vart danna, korleis menneska har teke det i bruk, og kvifor områda har stor verdi både lokalt og internasjonalt.
Parallelt arbeider vi med å etablere velkomst- og innfartsskilt ved dei viktigaste innfallsportane til geoparken.
I løpet av året skal det mellom anna kome nye skilt ved Bringeland lufthamn og på ferjesambandet Lavik–Oppedal, slik at fleire reisande vert merksame på at dei er på veg inn i Noregs einaste kombinerte regionalpark og UNESCO Global Geopark.
Prosjektet vert leia av geolog Espen Bråstein, som har etablert ei samarbeidsgruppe med representantar frå alle medlemskommunane. Gjennom prosjektet er det også forhandla fram ei felles innkjøpsavtale med skiltleverandør som kommunane kan nytte i eigne prosjekt. Slik bidreg arbeidet til både betre samordning, lågare kostnader og ein tydeleg visuell profil for heile regionen.
Skiltprosjektet er støtta av Miljødirektoratet gjennom fleire år, og har også motteke støtte frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Arbeidet er ein viktig del av geoparken si satsing på formidling, besøksforvaltning og lokal identitet, og skal bidra til at fleire får kunnskap om landskapet, historia og verdiane som gjer regionen vår unik.


