EPISENTER
Solund
Heilt vest i Noreg, der skjergarden møter opent hav, ligg Solund episenter. Her forvaltar og formidlar vi kystkultur, kystlandskapet og levande tradisjonar i ein øykommune med heilt særeigne geologi.

OM EPISENTERET
Kunnskap og kultur heilt vest i landet
Solund episenter er ein av inngangsportane til Fjordkystparken, der kystkulturen og kystlandskapet står i sentrum. Episenteret er todelt og omfattar både Taklebua, ein gamal sjøbu på Hardbakke, og Gjenbruket på Solund Center . Gjenbruket er ein triveleg møteplass på Hardbakke, driven av Solund Frivilligsentral. Her kan du gjere bruktfunn, kjøpe lokal husflid, nyte kaffi og vaflar, eller berre slå av ein prat med sambygdingar og tilreisande. Episenteret fungerer som eit lokalt knutepunkt for formidling, aktivitar ,naturvettleiing og prosjektarbeid i kommunen. Både Taklebua og Gjenbruket sel lokale produkt.
Gjennom tett samarbeid med lokale lag, næringsliv og skular arbeider episenteret for å gjere natur- og kulturarven tilgjengeleg for alle , anten det er skuleklassar , turistar eller fastbuande som vil lære meir om sin eigen heimstad.
Solund er kjend for eit av Noregs tettaste skjergardlandskap med over 1 700 registrerte øyar og holmar. Geologien vitnar om ei dramatisk fortid: her finn vi tydelege spor etter den kaledonske Fjellkjeda som stod her for meir enn 400 millionar år sidan, med konglomerat som den dominerande bergarten.

Siste nytt
Kva skjer i Solund?
Kva kan du gjere
Aktivitetar i Solund
Legg inn tekst her.

Kajakkpadling
Solund er eit av dei mest spektakulære padleområda i Noreg. Her padlar du heilt ytterst mot storhavet , i eit landskap der den mektige Sognefjorden møtas den røffe Nordsjøen. Mellom 1700 øyar, holmar og skjer kan du oppleve eit levande kulturlandskap forma av fiskarbønder gjennom fleire tusen år, med kystlynghei, blankskurte svaberg, tronge sund og små grender.

Villsau safari
Villsausafari i Solund
Bli med ut i kystlyngheia og møt den hardføre gamalnorske sauen i sitt rette element. På villsausafari får du oppleve eit levande kulturlandskap forma av menneske og dyr gjennom meir enn 5000 år. Du får høyre historia om korleis villsauen nesten forsvann, og korleis han i dag spelar ei nøkkelrolle i arbeidet med å halde landskapet ope og levande.

Øyhopping med postbåten
Bli med heilt ytst i havgapet – til det vestlegaste øysamfunnet i Noreg. Øyhopping med lokalbåten gir ei autentisk oppleving av livet langs kysten, der post, varer og passasjerar framleis vert frakta mellom små øyar og grender. Dette er sakte reiseglede på sitt beste – tett på både menneska, historia og naturen.
Kom i kontakt
Kontaktinformasjon

Silje Ravnøy Kleppe
Lokal koordinator for Solund episenter og geoparkens kontaktperson i kommunen
E-post silje@nkka.no
Telefon 481 05 494
Solund Episenter
Hardbakke 33
6924 Hardbakke
Taklebua har ikkje faste opningstider.
Sommar 2026:
Ope måndag–laurdag 11–16
kvar dag frå 22.juni- 8. august
Gjenbruket på Solund center har ope Måndag – fredag kl. 11.00 -16.00
Laurdag kl. 11.00 -15.00
Sosiale medium
Følg oss for oppdateringar om aktivitetar, arrangement og nyhende frå episenteret og kommunen.
Bilete frå episenteret
Galleri




PLANLEGG BESØKET DITT
Kom til Solund og opplev det sjølv
Episenteret tek imot skuleklassar, reiseselskap og enkeltreisande. Ta kontakt med oss for å planlegge eit tilrettelagt besøk.

