Lågøystolane

Dei berømte Lågøystolane består av store flyttblokker av konglomerat som kviler på berggrunn som opphavleg vart danna på havbotnen, altså på det som ein gong var oseanisk skorpe. Flyttblokkene vart frakta hit av isen under den siste istida, for om lag 12 500–11 600 år sidan. Då isbreen smelta og trekte seg tilbake, vart dei store steinane liggjande att i landskapet.

Plasseringa nord for Steinsundøyna tyder på at blokkene høyrer til den same moreneryggen. Dei er truleg ein del av den yngre Dryas-morena, som vart danna då brefronten stod stille i området mot slutten av istida. For å kome til Lågøystolane må ein bruke båt. Øyhoppinga («postbåten») går innom på ruta i midtre Solund.