Holt Gard

Denne staden inneheld ein svært grovkornet bergart som opphavleg var gabbro. Krystallane av plagioklas og pyroksen kan vere fleire titals centimeter store. Seinare har bergarten blitt omdanna under høgt trykk djupt i jordskorpa, og mange av dei opphavlege minerala har blitt erstatta av granat og omfasitt, mineral som er typiske for eklogitt.