Flekke

På geologiske kart ser sentrum av Flekke ut som ein sirkelforma bergstruktur. Bergarten her har opphav i eit svært gammalt gabbrokompleks som vart danna for fleire hundre millionar år sidan.

Den opphavlege bergarten var rik på mineralet olivin og vart danna djupt nede i jordskorpa. Seinare har bergarten blitt omdanna gjennom høgt trykk og temperatur. Dette har gitt opphav til ein spesiell struktur der rosa granat dannar kransar rundt eldre mineral.

I området finst det også mørke berglinser som har blitt omdanna til eklogitt, ein bergart som blir danna svært djupt i jordskorpa.