Dingemoen

Dingemoen er eit isranddelta som vart danna framfor iskanten mot slutten av siste istid. Store smelteelvar under den kontinentale innlandsisen førte med seg sand og grus som vart avsett der elvane møtte havet.

Toppen av deltaet ligg om lag 47 meter over havet og markerer det relative havnivået i området på denne tida – den såkalla marine grensa. Deltaet vart danna under kuldeperioden Yngre Dryas, for om lag 12 800–11 700 år sidan.

I dag er store delar av terrassen borte fordi sand- og grusressursane har blitt utnytta. Likevel kan ein framleis sjå restar av den opphavlege overflata i terrenget