Blåfjell

Ein populær turløype som startar i sentrum av Askvoll og går opp til toppen av Blåfjellet. På toppen av fjellet blir du møtt av ein spektakulær utsikt. Fjellmassivet er ein del av det såkalla Dalsfjord-komplekset, som er mellom 1600 og 1000 millionar år gamalt. Heile eininga er eit såkalla mikrokontinent som låg mellom Laurentia i vest og Baltica i aust. Dette vart seinare skyvd innover og over det Baltiske kontinent i byrjinga av den kaledonske fjellkjededanninga. Turstien  går gjennom sjølve glidesona under Dalsfjord-komplekset som identifiserast av parallelle striper og tynne flak.